søndag 19. april 2009

Klipp fra St.meld.nr 23 (2008-2009) Bibliotek

Vi kommer med kommentarer til meldingen etterhvert, her kommer noen klipp:

"Kap 4.3.2 Skulebiblioteket
Skulebiblioteka står i ei særstilling som bibliotek på grunn av si nære tilknyting til skulen som eigarinstitusjon, og fordi læreplanane er styringsdokumentet. Skulebiblioteket er ein del av den pedagogiske verksemda og skal medverke til å realisere verdiar, læringsmål og innsatsområde i skulen. Samstundes er skulebibliotek eit bibliotek med krav til profesjonell behandling av materiale, formidling og samarbeid med andre offentlege bibliotek. Slik som for universitets- og høgskulebiblioteka krev dette eit aktivt og systematisk samarbeid mellom bibliotekar, administrasjon og undervisningspersonale.
Kommunen har ansvaret for skulebiblioteka i grunnskulen, og fylkeskommunen har ansvaret for skulebiblioteka i vidaregåande opplæring. Det faglege oppfølgingsansvaret for skulebiblioteka både i grunnskulen og i den vidaregåande skulen ligg i Utdanningsdirektoratet. ABM-utvikling har ansvaret for å innhente og formidle skulebibliotekstatistikk i samband med den årlege bibliotekstatistikken."

"Roller og oppgåver
På lik linje med andre bibliotek har skulebiblioteka eit ansvar for å forvalte informasjonen i samfunnet, og gje elevar og lærarar fritt tilgjenge til ulike fysiske og digitale kjelder. Grunnverdiar som ytringsfridom, demokrati og kulturelt mangfald skal sikrast. Tilgjenge inneber eit ope bibliotek i funksjonelle og lett tilgjengelege lokale, dessutan ressursar som omfattar skjønn- og faglitteratur og andre læringskjelder i trykt, digitalisert eller anna medieform som til dømes aviser, tidsskrifter og lydbøker. Basisoppgåver for alle skulebibliotek er å stimulere til auka leselyst, formidle litteratur, stille litteratur gratis til disposisjon og utlån, og å utvikle informasjonskompetansen til elevane. I lys av resultat frå PIRLS og PISA 2006 vil det vere nødvendig å styrkje og vidareutvikle denne oppgåva ytterlegare. Samstundes skal skulebiblioteka også vere i front på det digitale området."

Veldig kjent det meste av dette! Utfordingen er hvordan vi skal fylle alle rollene på en god måte med de knappe ressursene som skolebibliotekene har!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar